Per Jørgen Høye

For det første vil eg takke for at eg har fått “piin” denna ganga. Desverre har vi ikkje internett i Ragnholtkoja, så eg måtte opp hit åt Tromsø for å skrive. Utfordringa kom frå uventa hald, det skal seiast, men eg har venta lenge på “piin”. Mange seier at dei tykte det var uventa å få sjansen til å skrive utfordringa. Eg har sett at gode vener og tjukk slekt har sendt “piin” forbi nasen på meg kvar gang, så det var på tide at eg fekk han. Så eg takkar deg Bente, for å ta omsyn til meg

Ho Bente skriv at eg er ein verdig Ljørdøl. Det er eg takksam for. Det er på ein måte rett det. Eg er riktignok ein byggefeltsunge frå Bygda, men eg føler meg som halvt Ljørdøl og halvt Storbekking. For han Ivar Borthen har sagt:” storbekkinger er itte ljørdøler!”. Så eg føler meg “heime” i dei austre stroka. Eg kan ikkje seie som Vidar seier da han jamfører Bygda med ei ljørkoje, men eg skjøner kva han seier.

Eg er student i Tromsø på femte året og bur på 28 m2 i lag med ho Åsne. Trivs veldig godt her i nord, med ljose sumarnetter og mørke vinterdagar. Og er det noko de bør oppleve før de kryp under torva, så er det å reise åt nord i mørketida. Ljoset er magisk på klare dagar og nordlyset sine mange fargar er heilt fantastisk om kvelden og natta.

Til våren er eg “less” utdanna lærar, men det kan hende eg tar eit ekstra år. Min eigne personlege draum var å flytte åt Storbekken, ta over Myre og få nokre geitar som kunne beite ned kulturbeite ikring. Så kunne eg arbeide på Østby skule. Men det kan eg sjå langt etter no. Så kva som skjer etter eg er utdanna, det får tida vise. Elles her i nord, så syng eg i Det Norske Mannskor av 1995, jaktar litt, fått oppkalt ein bar etter meg hos nokon vener: “Liten og Jævlig” og arbeider litt på butikk. Apropos jur, eventuelt butikk, så prøver eg å halde på dialekta. Det er fleire som har referert åt Jarl-Andrè at om ein ikkje veit kvar ein er ifrå, så ha ein tapt. Det støtter eg, og lev absolutt etter det. Attende åt butikken. Kvar gang eg sit i kassa så kjem det før eller seinare ein person som seier at eg har så fin dialekt. Og da blir eg stolt da! Da blir eg kry og legg ut om “plastikkpøssar”, “tjuggufemkroner attende” og “pass dekk på hålska”. Da seier eg at eg er frå austre delar av Trysil og reklamerar så godt eg kan. Slike kommentarer reddar dagen min, så tankane går attende åt min kjære far som etter kvar dag på barnehagen tok av meg den finare språkdrakta som regjerte i “Bygda”. Det er eg takksam for no. Før eg sett strek, så vil eg opplyse at om nokon vil kjøpe ein elgkalv så heng han i Sørgarn hos Bjønn Støa. Ring han og høyr.

Eg har som sagt vore her i Tromsø i mange år, men eg undrar på korleis det er å vere frå Ljørdalen og flytte åt Tromsø i 2010? Så kjære Karoline Lans vil du ta i mot “piin”? Korleis har du det i dette snøinfernoet? Undrar du på noko, kan eg gjerne vere din fadder.

Beste helsing

Tromsø, laget som får bronse i TL 2010,

11.10.10 Per Jørgen Høye